Wednesday, 10:44
GTA VI-spilling lekka ei veke for tidleg
Ein video som viser delar av det uferdige spelet Grand Theft Auto VI har blitt lekka på nett, skriv gamer.no.
Personen eller personane, som går under namnet Cyberleek, skriv at lekkasjen er ein protest mot at Grand theft Auto VI berre skal seljast digitalt.
Videoen viser ein av hovudpersonane som tar ein rånetur, før klippet går til spelkartet, men enkelte spekulerer i om videoen stammar frå eldre og uferdige delar av spelet.
Spelselskapa Take Two og Rockstar har ikkje kommentert saka, men jobbar med å få fjerna klippet før presentasjonen på Netflix 27. august.